Verkstad i Volda sidan 2020
Treet bestemmer kva det blir
Gamle bord, hyller og benkeplater får eit nytt liv. Kva det blir, kjem an på kva eg får tak i.
Sjå kva som står på hylla19 tilgjengelege noSendt frå Volda på 1–3 dagar14 dagar angrerett
Nytt frå verkstaden
Sjå alle 19
Tilgjengeleg no
Unike fargerike fjøler - mix av tresortar
eik, valnøtt,teak, zebrano, purple-heart, furu,bjørk.
500 kr
Om verkstadenLes meir om verkstaden
Hobby i kjellaren
Verkstaden ligg i Volda. Det starta med ein leikebil til barnebarnet, og no er hyllene fulle.
Eg har vore lærar i 38 år. Før eg vart lærar, jobba eg i seks år som snikkar/bygningsarbeidar i lokale firma.
Frå planke til produkt
Slik blir det til
1
Tre som ligg att
Gjenbruk av gamle bord, hyller og benkeplater i heiltre. Eik, valnøtt, teak, bjørk, furu og litt frå ulike typar frukttre.
2
Limt og pressa
Bitane blir høvla, sortert etter farge og limt saman. Fjøla ligg i pressa i eitt døgn.
3
Forma for hand
Kappa, frest og pussa med sandpapir. Det er her mesteparten av tida går.
4
Olja og merkt
Tre strøk mineraloljeblanding, og eit brennmerke nedst. Så får det tørke ei veke før det blir lagt ut.