Om verkstaden
Verkstaden ligg i kjellaren i Volda. Det starta med ein leikebil til barnebarnet, og no er hyllene fulle.
Eg har vore lærar i 38 år. Dei siste åra har eg vore rådgivar og undervist i arbeidslivsfag, praktisk handverk og kunst og handverk Før eg vart lærar, jobba eg i seks år som snikkar/bygningsarbeidar i lokale firma. Eg har alltid hatt ein arbeidsbenk i kjellaren, mest til å reparere ting. Etter kvart kom trongen til å lage fleire ting. Først gamle modellbilar i tre, så blei det skjerefjøler, boksar og anna.
Treet er gjenbruk
Mest alt trevirket er gamle bord, hyller og benkeplater i heiltre, kjøpt på gjenbruksbutikkar, loppemarknad, Facebook eller på Finn.no. Tresortane som blir nytta er eik, valnøtt, bjørk, teak, akasie og furu.
Ingen blir heilt like
Nokre ting lagar eg berre éin gong, av ei bestemt plate som ikkje finst meir. Andre lagar eg fleire av. Og nokre lagar eg på bestilling, i det målet du treng.
Men treet bestemmer sjølv. Farge, årringar og kvist varierer frå emne til emne, så to fjøler av same slag blir aldri identiske. Det er ikkje ein feil — det er kva massivt tre er.
Frakt og retur
Alle varer kan hentast heime i Smiebakken 32 i Volda, eller bli sende i posten, pakka i bobleplast, papp og papir. Frakt kjem då i tillegg. Du har fjorten dagar angrerett. Er noko skada i posten, ta kontakt, så ordnar vi det.