Slik tek du vare på fjøla
Vask for hand, tørk med ein gong, og olje fjøla når ho ser tørr ut. Aldri i oppvaskmaskin.
Reingjering
Etter bruk: vask fjøla for hand med mildt såpevatn og mjuk klut. Tørk fjøla med eit handkle, og la den stå oppreist slik at den tørkar på begge sider. Dette hindrar at treet slår seg eller sprekk.
Gi fjøla næring med olje
Tre er eit levande materiale som treng pleie. Bruk nøytral, naturleg olje — mineralolje eller spesialolje for trefjøler. Påfør eit tynt lag, og la det trekke inn over natta. Tørk av overflødig olje neste morgon. Gjenta dette etter 3–4 månader, eller når fjøla ser tørr ut.
Oppbevaring
La fjøla stå luftig og tørt, helst på høgkant.
Tips: strø litt grovsalt og sitronsaft på fjøla ein gong i blant for naturleg desinfisering og frisk duft.
Om materialet
Produkta er laga av gjenbruksmateriale. Alle er laga for hand, og det vil vere litt skilnad på produkta i storleik.